Velkommen til Flatraket
Ei perle ved Stadhavet

Om bygda

Fra Storevikhaugen
Fra Storevikhaugen

Fra Nakkjen
Fra Nakkjen

"Flatraksbygda er ei perle kan vel hende..."
Er du oppvokst på Flatraket syng du smilande med på denne visa.

Her kan du finne ut litt meir om denne vakre bygda ved Stad, med utsikt utover Sildagapet, der sola "går ned i havet" på varme sommarkveldar.

Vi har barneskule, barnehage, eldretun, nærbutikk, idrettslag og skulekorps. Her er ei oversikt over Næringslivet i bygda. Ellers kan du lese det som står om Flatraket på Wikipedia.

Ut.no finn du rutebeskrivelse til Synnevahornet og Alskartinden som er dei 2 høgste toppane rundt Flatraket.

Vil du busette deg på Flatraket kan Selje kommune informere deg om ledige tomter.

Det er dårlig med overnattingsmuligheter i bygda, men her er nokre alternativer i nærleiken.

Webkamera

Her kan du sjå live kamera mot Sildagapet

Området rundt oss

Selje Kloster - På øya Selja er det klosterruiner fra 1100-tallet. Ta båt fra Selje med guide, og høyr legenden om St. Sunniva

Harpefossen Skisenter - Vårt vinterparadis med skitrekk og turløyper.

Selje Golfklubb - Nærmaste golfbane ligg i Selje. I tillegg kan du spele golf på Nordfjordeid og Sandane. 

Stad Skipstunnel - blir verdens første tunnel for skip, og vil gjere det enklare å komme forbi det berykta Stadhavet.

Kannesteinen - ein kjent turistattraksjon i Vågsøy

Silda - "verdas vakraste øy" ligg bare ein liten båttur over Flatraksvika.

Vestkapp - turistattraksjon og fjellplattå ytterst på Stadhalvøya.

Stad Surfing - i Hoddevika og i Ervik, med unike muilgheter for dei som likar å surfe.

Kråkenes fyr -  nedlagt fyrstasjon som er verdt eit besøk både i storm og stille.

Her finn du oss

6717 Flatraket
GPS: 61.973893N - 5.227552E